Du er her: Framside / Publikasjoner / NtEU Fakta: Klimapolit...
Kuer
© pablo_marx

NtEU Fakta: Klimapolitikk for landbruket

Regjeringa ynskjer å inngå ei felles klimaavtale med EU om reduksjon av utslepp av klimagassar fram mot 2030. Kva slags konsekvensar kan det få for landbruket i Noreg?

Stortinget vedtok i mars 2015 at Noreg skal gå i dialog med EU om felles forplikting om utsleppsreduksjonar innan 2030. I skrivande stund (september 2017) er ei slik avtale framleis ikkje forhandla fram. Det verkar truleg at dei utsleppskjeldene i Norge som ikkje er omfatta av EUs klimakvotesystem, som blir kalla ikkje-kvotepliktig sektor og mellom anna omfattar transport, bygg, avfall og jordbruk, vil bli pålagt å redusere utsleppa sine med 40 % samanlikna med nivået i 2005. Ambisjonsnivået i FN-avtalen er om lag like høgt, men innrettinga på utsleppskutta i EU kan slå negativt ut for Noreg, særleg for skogsektoren, som er delvis knytt saman med utsleppskutt i ikkje-kvotepliktig sektor. Sjølv om den norske skogen binder om lag like mykje karbon som halvparten av dei norske klimagassutsleppa, vil han i reknereglane til EU utgjere eit netto utslepp. Vidare vil vi bli «straffa» for å drive aktivt skogbruk med auka avverking.

Det pågår ein diskusjon om korleis ei eventuell tilknyting til EU skal gjerast. EU ynskjer at den skal leggast inn i EØS-avtala, Stortinget vil ha ei bilateral avtale. Kompromisset kan bli å legge den inn under protokoll 31 i EØS-avtala, som dekker uavhengige avtaler mellom EU og Noreg.

 

Klimastatus for det norske jordbruket

Klimagassutsleppa frå jordbruket står for om lag åtte prosent av dei samla utsleppa i Noreg. Dei er utgjort av metan og lystgass. I tillegg kjem utslepp frå bruk av fossilt brennstoff som fører til utslepp av CO2.

Medan andre sektorar, som oljeindustrien og vegtrafikk, har auka utsleppa sine mykje sidan 1990, har jordbruket redusert utsleppa med  5,3 prosent . I same periode har det vore nedgang i jordbruksarealet i Noreg, og det har blitt lågare sjølvforsyningsgrad. I denne perioden har også auka import av matvarer ført til utslepp i dei landa som produserer maten. Desse utsleppa blir ikkje «bokført» i det norske klimarekneskapet, det blir berre utsleppa som oppstår innanfor dei norske landegrensene.

Utsleppa frå jordbruket i Norge kjem mest ifrå biologiske prosessar, der jord og husdyr blir brukt for å skape menneskemat. At ein ikkje skal ha utslepp frå matproduksjon er dermed uunngåeleg, for så lenge dei biologiske prosessane til jord og husdyr er involvert vil ein ha utslepp av karbon som blir sleppt ut i lufta. Dette skjer til dømes når drøvtyggarar som sau og storfe et gras og fordøyer dette. Då oppstår klimagassen metan som er uløyseleg knytt til drøvtyggarane sin evne til å fordøye gras.

På den måten skil utslepp frå jordbruket seg frå utslepp i frå til dømes transportsektoren. Det er ikkje same type utslepp som kjem frå ein bil som bruker diesel og ei ku som et gras og produserer mjølk og kjøt.

 

Det norske jordbruket kan redusere utslepp utan å redusere matproduksjonen

Rapporten «Landbruk og klimaendringer» frå Landbruks- og matdepartementet har peika på eit potensiale for utsleppsreduksjonar i landbruket på opptil 20 prosent innan 2030 , utan å svekke norsk matproduksjon. Av desse er opptil 5 prosent fossile utslepp og opptil 15 prosent biologiske utslepp frå dyr, gjødsel og jord. Blant tiltaka som er føreslått i rapporten er:

 

-          Klimasmarte kyr gjennom målretta arbeid med avl, dyrevelferd, fôring og hausting av fôr. Dette vil gi mindre utslepp per produsert einig av mjølk og kjøt.

-          Utfasing av fossilt drivstoff i landbruket til fordel for fornybart.

-          Ta betre vare på jorda si evne til å lagre karbon og produsere mat, gjennom drenering og betre agronomi.

-          Mindre matsvinn.

-          Meir effektiv gjødsling.

-          Produksjon av biogass og betre mengde, metode og tidspunkt for gjødselspreiing.

 

Å dyrke mindre mat i Noreg er ikkje ein del av løysinga, sett i lys av dagens problem med matmangel, skeiv fordeling og dei utfordringane som kan kome i ei framtid med endra klima.

 

Paris-avtala legg vekt på å sikre matproduksjonen

Den globale klimaavtalen frå Paris slår fast at ein må utforme klimapolitikken slik at den ikkje trugar matproduksjonen. I fortala til klimaavtalen står det «Partene i denne avtalen [...] anerkjenner den fundamentale betydninga av å sikre mattryggleik og få slutt på hungersnød, og dei særlege sårbare delane av matproduserande system i møte med ugunstige konsekvensar av klimaendringar». I artikkel 2b står det at ein må forsterke: «evna til å tilpasse seg ugunstige konsekvensar av klimaendringar og tilrettelegging for å stå imot klimaendringar og låge klimagassutslepp, på ein måte som ikkje trugar matproduksjon» (Paris-avtalen fortalen og side 3, vår omsetjing).

 

Karbonlekkasje

I den norske klimadebatten har enkelte, mellom anna den Grøne Skattekommisjonen, tatt til orde for å redusere produksjonen av storfekjøt i Norge. Gjeve eit uendra forbruk av storfekjøt hos norske forbrukarar vil tiltak som fører til mindre produksjon av mat i Noreg berre «flytte utsleppa» til eit anna land. Noreg er mellom dei mest klimaeffektive storféprodusentane i verda. Produserer ein mindre storfekjøt i Noreg, og norske forbrukarar i staden endar opp med å ete importert kjøt, vil ein ikkje ha redusert utslepp og ein vil heller ikkje ha like sterk kontroll over korleis matproduksjonen føregår. Til dømes vil ein kunne importere kjøt produsert med meir antibiotikabruk.

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook