Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Ny utgåve av EU-guiden...
EU-guiden
© Eivind Formoe

Les EU-guiden. Kaspar Tjeld og Kristiane Mauno Krystad frå Ungdom mot EU les den nye utgåva av Nei til EU-heftet EU-guiden.

Ny utgåve av EU-guiden: Kjempesuksess med EU-guiden i skulen

No kjem femte utgåve av EU-guiden. Dei førre utgåvene har vorte distribuert i tusenvis av eksemplar til skular over heile landet. Artikkel frå Standpunkt 5-2017. 

Nei til EUs skriftserie VETT nr 3-2017 er ein ny versjon av informasjonsheftet EU-guiden.

– Heftet dekkjer fem avgjerande tema: Folkestyre, solidaritet, velferd og handel, miljø og ressursar samt handlefridom. Det gjev også ei oversiktleg framstilling av korleis EU vert styrt, seier Morten Harper, redaktør av heftet.

Verda er større enn EU

EU-guiden, som har fått tittelen «Verden er større enn EU» er spesielt tilpassa bruk i skulene. Nei til EU nyttar tenesta Subject Aid, der skulane kostnadsfritt kan bestille tilleggslitteratur til undervisinga. «Her finner du høyaktuelt stoff innen områder som samfunnskunnskap, naturfag, klima, EU, menneskerettigheter, yrkesvalg og mye mer», som Subject Aid skriv på nettsidene sine.

Subject Aid distribuerer materiellet vårt som klassesett til skular som tingar det. Tenesta er i seg sjølv er gratis, men vi betalar materiellet og porto. EU-guiden er noko av det mest populære materiellet Subject Aid tilbyr, og sidan januar 2014 har vi fått ut 9605 EU-guiden-hefter til elevar over heile landet.

Femte utgåve

Den nye utgåva av heftet held seg til suksessoppskrifta, men er oppdatert i tekst og utforming slik at den framleis er toppaktuell. Det nye opplaget er trykt i 10 000 eksemplar, der 3000 går til Vett-abonnentane i dette nummeret av Standpunkt og resten vert tilbode organisasjonen og til skulane.

Dersom etterspørselen held seg oppe vil vel femte utgåve halde eit par år før det er tomt, og ei sjette utgåve må trykkast.

Vett 3 2017: EU-guiden – spesialutgave

  • EU-guiden: Verden er større enn EU
  • Heftet er 52 sider i hendig format. Utsalgsprisen er 60 kr. Ved bestilling av 10 eller flere gis det 50 % rabatt (porto tilkommer).
  • Bestill heftet på neitileu.no

Nei til EU

Schweigaards gate 34 B
0191 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20




Lik oss på Facebook