Logoen til Nei til EU Bli medlem | Kontakt oss | Butikk | Presse | English | Ungdom mot EU
Punkt
Forside - Organisasjon - Politikk - Uttalelser 7. september 2010
Punkt

-  Fylkeslag
-  Organisasjon
Om Nei til EU
Vervekampanje
Konferanser
Studenter mot EU
Oppbygning
Politikk
Uttalelser
Bærebjelker
Ledige stillinger
His­torie­bok­prosj­ektet
Aktivist

-  Kampanjer
Data­lagr­ings­di­rek­tivet
Islands EU-debatt

-  Kunnskapsbank
EØS
Norsk EU-debatt
EUs utvikling
Lisboatraktaten
Pengeunionen (Euro)
Arbeidsliv og faglig politikk
Velferd
Likestilling
Landbruk og fiskeri
Energi og naturressurser
Forsvar og sikkerhet
Schengen
Verden
Nei til EU
Mat, miljø og helse
Publikasjoner
Lenker
Lover og direktiver

-  Medieklipp

  Søk:
Publisert: 20. desember 2004 Sist oppdatert: 23. mars 2010

EU skapar miljøproblem

Stikkord: Nei til EU, Klima og miljø

Uttalelse fra Nei til EUs landsmøte november 2003 : EU skapar miljøøydeleggjande vekst gjennom forureinande frihandel, og medlemslanda kan ikkje innføre strengare miljøreglar eller delta aktivt i internasjonalt miljøsamarbeid.

I framlegget til EU-grunnlov er dei miljøskadelege føresetnadene for EU-samarbeidet hamra fast. Framleis skal fri flyt leggje grunnlaget for å nå EU sitt mål om å bli den mest konkurransedyktige økonomien i verda innan 2010. Strengare miljøreglar klarer ikkje hamle opp med dei grunnleggjande miljøproblema EU skaper i sin trong til å vekse seg skikkeleg stor.

EU sine miljøreglar fungerer i beste fall som avbøtande tiltak for store miljøproblem EU sjølv har skapt. EU tek ikkje tak i årsaka til miljøproblema, men legg til rette for at alvorlege miljøproblem får vekse i omfang. Til dømes fører frihandelen til ein transporteksplosjon med enorme utslepp av klimagassar. Det er planlagt fleire motorvegar og større flykapasitet i EU dei neste åra. Transportbehovet er enormt, og EU si satsing på båt og jernbane kjem i tillegg til stadig meir forureinande transport, og ikkje som ei erstatning. Så lenge varer ikkje er utstyrt med egne bein, og EU sin grunnleggjande politikk er meir frihandel og fri flyt av varer, vil EU skape alvorlege miljøproblem.

EU sitt eige miljøbyrå EEA fryktar at austutvidinga vil forverre dei alvorlege miljøproblema. Dei har slått fast at sjølv om dei nye søkarlanda vil innføre EU sitt regelverk på miljø, er det forventa ei kraftig auke i vegtransporten og i energiforbruket i desse landa i åra som kjem. EU bidreg til utbygging av infrastruktur austover, og legg til rette for at transportproblema kan bre seg utover eit stadig større område.

Miljøutfordringane krevjar internasjonalt samarbeid. Nei til EU ynskjer at Noreg skal delta aktivt i eit internasjonalt og forpliktande miljøsamarbeid. EU har vist seg lite egna til å skape framfor å løyse miljøproblem, og medlemslanda er plassert på gangen i internasjonale miljøforhandlingar. Det tener ikkje miljøet sine interesser at EU er eit filter mot gode miljøforslag frå medlemslanda i internasjonale forhandlingar. Det internasjonale miljøsamarbeidet treng ikkje eit sterkare EU, men aktive og uavhengige statar som kan spille ein sjølvstendig og konstruktiv rolle. Den rolla kan Noreg berre spele utanfor EU, og toppmøtet i Johannesburg viste oss eit eksempel på dette.

Sidan 1994 har den globaliseringskritiske rørsla blitt meir synleg og vokse seg større. Miljørørsla i heile verda, både i nord og sør, kritiserer WTO, Verdsbanken og EU for nøyaktig det same: Miljøomsyn er underordna handelsomsyn, frihandel forureinar stadig meir, hemningslaus privatisering og nyliberal politikk gjer at vi misser kontroll over dei som forureinar og krava til effektivitet og stordrift trugar naturgrunnlaget. Det demokratiske underskotet i desse organisasjonane gjev makt til storselskapa og ivaretek deira interesser, og tek ikkje omsyn til menneske og miljø.

Vedtatt på landsmøtet 2003

Tips en venn

Aktiviteter

Se hele lista

Nei til EU på stands over hele landet

14. juni-12. september Norge , Ulike steder Les mer

Trenger Norge EU?

15. september kl. 19:00 Cementen, Stavanger Les mer

Trygg mat konferanse

18. september kl. 10:00 Tomb Jordbrukskole i Råde, Østfold Les mer

Se kalenderen for ditt fylke!

Vil du motta daglige nyhetsklipp om EU?
Steinrøysa
Nei til EUs nettverksbrev, Steinrøysa, sendes ut hver mandag. Det inneholder informasjon om kommende arrangementer, litt ulik EU-informasjon og informasjon om hva som skjer i organisasjonen. Brevet redigeres av Vigdis Hobøl, hun tar gjerne imot tips om stoff (vigdis.hobøl@neitileu.no). Ved å klikke på lenken under, vil du kunne melde deg på e-postlisten til nettverksbrevet.
Meld deg på e-postlisten til Nei til EUs nettverksbrev

Nei til EU

Storgata 32
0184 Oslo

Telefon: 22 17 90 20
Telefax: 22 17 90 21
E-post: neitileu(at)neitileu.no


Punkt
Copyright Nei Til EU | webmaster(at)neitileu.no | Bruker eZ Publish | Utviklet av Nei til EU og Apario
Punkt