Du er her: Framside / Kunnskapsbank / Publikasjoner / Ukens skribent / Ukens skribent 9/2011:...
Gjesteskribent 9/2011:

Fleirspråkskrav i EU

Eit fellestrekk for dei representantane som markerte seg og hadde påverknad var fleirspråkskunnskap. Og det var ikkje berre verdien i å kunne snakke fleire språk, men òg at det gjorde ein betre i stand til å forstå kva andre representantar meinte når dei brukte sin varierande engelskkunnskap.

Les også andre gjesteinnlegg!

I fleire år var eg tillitsvald i Det europeiske ungdomsforumet , ein paraply for ungdomsorganisasjonar i Europa. Møtet med europeisk ungdomspolitikk var òg møtet med europeisk språkmangfald. Mine middelmåtige kunnskapar i tysk og fransk frå vidaregåande skule vart plutseleg ein stor ressurs, og utvikla seg tilsvarande. Sjølv om engelsk var mest brukt, så var det både fransk og engelsk som var offisielle språk i organisasjonen. Det hende mellom anna på styremøta at nokre ordskifte gjekk berre på fransk, og då vart plutseleg mitt dårlegaste gymnasfag godt å ha.

Verdien av å kunne drøfte saker med medlemsorganisasjonar og –representantar på tysk eller spansk var stor, og den fellesnordiske språkforståinga var eit viktig grunnlag for felles nordiske synspunkt og gjennomslag.

Eit fellestrekk for dei representantane som markerte seg og hadde påverknad var fleirspråkskunnskap. Og det var ikkje berre verdien i å kunne snakke fleire språk, men òg at det gjorde ein betre i stand til å forstå kva andre representantar meinte når dei brukte sin varierande engelskkunnskap.

Det overraska meg kor vanskeleg det var å hevde seg i denne samanhengen for dei med engelsk som førstespråk. Sjølv om engelsk var bruksspråket i organisasjonen, så var det likevel ikkje nokon fordel alt i alt å ha engelsk som førstespråk. Ulike aksent og varierande vokabular var ei utfordring for dei fleste, men britane som snakka med engelsk eller skotsk dialekt og hadde stort ordforråd var vanskelegast å forstå. Og dei fekk tilsvarande mindre gjennomslag. I all ”euroengelsken” eller ”Brussel-engelsken” kom dei med engelsk som hovudmål plutseleg på bortebane. Dei britiske representantane som gjorde det bra, hadde til felles at dei var sterke i andre språk – noko som var unnataket heller enn regelen.

Dette har tydelegvis ikkje endra seg siste ti åra. Britane sin manglande språkkunnskap har tvert imot vorte eit politisk tema for samtalar mellom Storbritannia og EU. Financial Times kunne 20. februar i år melde at ein vurderte å senke språkkrava for britiske søkjarar til byråkratstillingar i Brussel. Bakgrunnen er at britane, som er om lag tolv prosent av folketalet i EU, berre utgjer fem prosent av dei tilsette i EU-kommisjonen og under to prosent av søkjarane. Språkkrava for søkjarar til EU-stillingar, gjennom tilsetjingsprosedyren Concours , er høg kunnskap i minst to av EU-språka; morsmålet (om det er eitt av dei 23 offisielle EU-språka) i tillegg til eitt av dei tre ”EU-arbeidsspråka” (fransk, engelsk og tysk). Det er dette språkkravet som er hovudutfordringa for britiske søkjarar.

Storbritannia føreslo at ein som eit eingongstilfelle skulle gje britiske søkjarar høve til å ta opptaksprøvene på berre eitt språk; engelsk.

Heldigvis sette EU-kommisjonen ned foten og avviste framlegget . Talsmann Olivier Bailly frå kommisjonen stadfestar dagens ordning, og eit grunnleggjande prinsipp i EU, når han seier at EU-byråkratar ”må vere fleirspråklege”. Språkvankunnige britar må framleis avgrense seg til politiske verv i kommisjonen .

Håvard B. Øvregård

Håvard B. Øvregård er leiar for Noregs Mållag.

Nei til EU

Storgata 32
0184 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20
  • Telefax: 22 17 90 21


  
Lik oss på Facebook