Du er her: Framside / Kunnskapsbank / Publikasjoner / Standpunkt / Standpunkt 3-2012 / Dansk nei-organisasjon...
Rina Ronja Kari
© NtEU
Artikkel i Standpunkt 3-2012:

Dansk nei-organisasjon feirer

– Vi fyller 40 år, men det er ikkje snakk om ein organisasjon som er «Førti, feit og ferdig». I staden har vi konstant medlemsframgang og vi merkar at organisasjonen veks i alle ledd, seier Rina Ronja Kari i Folkebevægelsen.

Del |

Nei til EUs danske søsterorganisasjon feira 21. april sitt 40-årsjubileum med eit stort festarrangement i Amager Bio i København, med musikk og underhaldning. Blant dei mange kulturelle innslaga og talane var den legendariske visesangaren Povl Dissing, noverande og tidlegare EU-parlamentarikarar, og mange fleire. Helle Hagenau helsa frå Nei til EU i Noreg.

Ikkje sigra seg ihel

Folkebevægelsen mod EF, som organisasjonen heitte frå starten, vart stifta i 1972 for å halde Danmark utanfor EF. 

– Og på den måten kan vi jo seie at vi har tapt. Målet var å stoppe EU, å få Danmark meldt ut av EU og i det heile teke å avgrense EU. I dag må vi konstatere at EU aldri har hatt så stor påverknad både på det samfunnet vi lever i og på liva våre, sa Rina Ronja Kari, som er talsperson for Folkebevægelsen mod EU.

– Men sjølv om vi såleis ikkje har sigra oss sjølv ihel, har vi vunne mange kampar. At utviklinga i EU ikkje har gått enda fortare og at Danmark har fire varige unntak som held oss utanfor vesentlege deler av samarbeidet, ja det må vi i Folkebevægelsen ha lov til å ta vår del av æren for, slo ho fast.

– Men vi er – heldigvis – slett ikkje åleine i Europa med motstanden mod EU. Den er faktisk ganske grenseoverskridande, og vi har difor mange gode venner, som til dømes har vore med på å sikre at Frankrike stogga EU-grunnlova.

Ho vedgår at dei også har hatt vanskelege år der det har gått tregt.

– Men frustrasjonane over EU veks, ikkje berre i Danmark, men i heile EU. Det kan også godt merkast i Folkebevægelsen, fortalde ho.

– Sjølv om vi måtte ønskje at vi snart hadde sigra oss sjølv ihel, kan vi glede oss over at inntil det skjer så vert vi sterkare og sterkare.

Gåve frå Noreg

Internasjonal leiar i Nei til EU, Helle Hagenau, helsa på vegne av Nei til EU. 

– Eg bringer helsingar og gratulasjonar frå norske Nei til EU, sa Helle Hagau i helsinga si.

– Folkebevægelsen er på mange måtar den politiske tvillingen vår, og vi set utruleg stor pris på det flotte samarbeidet vi har hatt gjennom åra.

– 1972 var eit skilsetjande år for både Noreg og Danmark. For vi hadde jo begge folkerøystingar om EF. Den 25. september røysta eit fleirtal av det norske folket nei til EF, men diverre vart det eit ja i den danske røystinga ei veke etter. Men vi kan begge feire 40 år med motstandskamp, slo Helle Hagenau fast.

– Nei til EUs gåve til jubilanten er eit spleiselag mellom Nei til EU sentralt og fylkeslaga. Vi har valt å gje 40 500 kroner til kampanjen dykkar for ei folkerøysting om Euro-traktaten.

Av Sindre Humberset
sindre.humberset@neitileu.no

Nei til EU

Storgata 32
0184 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20
  • Telefax: 22 17 90 21