| Publisert: 20. oktober 2008 |
Sist oppdatert: 20. oktober 2008 |
Veto frå både Liv Signe og Heidi?
Fråsegn frå årsmøtet i Sogn og Fjordane Nei til EU 2008:
«Alt peikar i retning av at Senterpartiet vil bruke reservasjonsretten mot tenestedirektivet frå EU», sa Liv Signe Navarsete i si tale til landsstyret i Senterpartiet fredag 17. oktober.
Det er svært oppløftande at leiaren i Senterpartiet går så klart ut med partiet sitt standpunkt. Dette kan verte svært viktig for handsaminga av saka i regjering. Denne veka har LO bede Regjeringa om å bruke reservasjonsretten dersom det ikkje kan gjevast garantiar på fire sentrale områder innafor sosial dumping, tariffavtaler, styringsrett over viktige samfunnsområde og arbeidsrettslege spørsmål.
Tenestedirektivet skal fremje handelen med tenester på tvers av nasjonale grenser ved å fjerne hindringar innført av nasjonalstatane. Senterpartileiaren kjem med gode og klåre nei-argument: Vi vil ikkje godta ein politikk som fråtek det offentlege kontroll over viktige tenester som transport, skule og straumforsyning. Finanskrisa har forsterka argumenta mot tenestedirektivet. I desse tider er det viktigare enn nokon gong å tryggje arbeidstakarane sine rettar og tryggje framtida for offentleg sektor. Ho peika vidare på at Senterpartiets nei til EU, og særs Anne Engers standpunkt, var basert på at eit EU-medlemskap ville kunne undergrave faglege rettar i Noreg. Dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland skulda Anne Enger for å lyge.
Fleire dommar frå EU-domstolen dei siste åra har vist at Anne Enger hadde heilt rett. Det er òg erkjent av tilhengarane av EØS at avtala har gripe inn i vår nasjonale politikk på ein langt meir omfattande måte enn dei såg for seg då dei vedtok avtalen.
Partileiar og statsråd Liv Signe Navarsete har brei støtte frå Sogn og Fjordane Nei til EU. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Nei til EU vil utfordre statsråd Heidi Grande Røys og SV til å vere like klåre som Senterpartiet. Dragkampen internt i regjeringa kan bli stri, og då treng vi statsrådar som syner klår motstand mot direktivet.
Årsmøtet i Sogn og Fjordane Nei til EU
Tips en venn
|