| Publisert: 12. januar 2007 |
Sist oppdatert: 12. januar 2007 |
Styret i Sogn og Fjordane Nei til EU 2006-2007. Frå venstre: Sigbjørn Råsberg, Hege Lothe, første vara Ingunn Kandal, nestleiar Kari-Ann Søreide, leiar Håkon S. Giil og Willy Nordheim. Ikkje på biletet: Ola Søgnesand. Foto: Sindre Humberset
Tenestedirektivet vil medføre sosial dumping
"Auka omfang av tenester i fri flyt over landegrensene og redusert høve til kontroll vil bety stor fare for auka sosial dumping", skriv Håkon S. Giil, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU.
Det såkalla tenestedirektivet vart vedteke av EU-parlamentet 14. - 16. november og er i desse dagar formelt oversendt Noreg. Innhaldet er likevel kjent, og uroa for kva konsekvensar dette kan få har spreidd seg i politiske krinsar og i fagrørsla - med god grunn. Føremålet med direktivet er å fremje auka handel med tenester over landegrensene. Uroa har sitt grunnlag i at direktivet vil gjere det vanskelegare for styresmaktene og fagrørsla å kontrollere vilkåra som arbeidstakarar på mellombelse oppdrag arbeider under. Auka omfang av tenester i fri flyt over landegrensene og redusert høve til kontroll vil bety stor fare for auka sosial dumping.
Etter tenestedirektivets paragraf 16.2 vil ein ikkje lenger ha reelt høve til slik kontroll. Dette fordi utanlandske tenesteytarar med mellombelse oppdrag i landet ikkje lenger treng registrere seg, inneha noka form for løyve eller ha kontor eller representasjon her. Tenesteytarar kan ikkje påleggast å ha andre dokument i vertslandet enn dei som vert utarbeidde på arbeidsplassen, til dømes timesetlar og dokument om helse, miljø og tryggleik. Dette medfører at mange av tiltaka mot sosial dumping som fagrørsla har kravd og som regjeringa til dels har fylgt opp gjennom sin 10-punkts handlingsplan mot sosial dumping, kan bli ulovlege.
Tiltak som nemnt ovanfor vil til dømes gjelde reglane om ID-kort på arbeidsplassen, antikontraktørreglane i det offentlege innkjøpsreglementet, delar av ILO-konvensjon nr. 94 (mellom anna krav til underleverandørar), løns- og arbeidsvilkår ved offentlege kjøp, samt innsynsrett for fagrørsla. Målet - marknadsliberalisme og "fri flyt av tenester" - er ikkje nytt i EØS-avtalen. Det nye er at direktivet effektivt blokkerer landa som godkjenner avtalen sine mogleikar til å kontrollere og hindre dei negative verknadene som måtte fylgje av denne frie flyten. For det norske velferdssamfunnet kan dette vise seg å verte alvorleg.
Forsøk på skremsel vedkommande kva som vil skje dersom reservasjonsretten vert nytta, har ved fleire høve vorte framsette, særleg frå krinsar som aldri har forsona seg med tap i to folkerøystingar om norsk medlemskap i EU. Ekstra sårt for desse er det nok at trass i alle skremsler har Noreg utan tvil greidd seg godt, ja til og med hatt store fordelar av å ikkje vere medlem..
Medlemskapsdiskusjonen er elles uviktig her. Poenget er at det er kvalifisert vrøvl når einskilde hevdar at bruk av reservasjonsretten vil "fjerne Norges tilknytning til EU". Kvifor skulle ein ha nedfelt ein reservasjonsrett dersom ein ikkje skal kunne bruke han? Nei til EU har rett nok som langsiktig målsetting at EØS-avtalen skal seiast opp, men det er ikkje det dette gjeld. Bruk av veto-retten kan også ha to moglege verknader. Det kan såleis godt hende at bruk av norsk veto vil styrkje EØS-avtalen fordi eit slikt veto kan føre til større aksept i den EU-skeptiske delen av det norske folket. Og på den andre sida - dersom direktivet vert gjennomført i Noreg, kan dette paradoksalt nok føre til auka EU-motstand. Verknadene etter innføringa av det såkalla matsminke-direktivet har til dømes vore auka EU-skepsis. Taktiske vurderingar har ikkje vore avgjerande for Nei til EU sitt standpunkt til tenestedirektivet. Poenget er no - kva avgjerd er rett for best å kunne forsvare solidaritetssamfunnet og den norske velferdsmodellen mot verknadene av ein ytterleggåande marknadsliberalisme - fri flyt av tenester over landegrensene.
Tips en venn
|