| Publisert: 20. oktober 2009 |
Sist oppdatert: 20. oktober 2009 |
Årsmøte og spennande debattmøte om klima og EU
Stikkord: Norsk EU-debatt, Nei til EU, Miljø
Med svært gode medlemstal i ryggen og eit aktivt år bak oss, inviterer
Sogn og Fjordane Nei til EU til årsmøte og ope debattmøte om klima og EU.
Møtet er i Førde om føremiddagen laurdag 24. oktober 2009.
I framkant av klimatoppmøtet i København ligg alt til rette for ei spennande debatt der hovudproblemstillinga er; har Noreg brukt handlefridomen utanfor EU? Og kva rolle kan Noreg spele i København? For å sparke i gang debatten har Nei til EU invitert Erling Sande, leiar av Stortingets energi- og miljøkomité, og Erik Solheim, frå Naturvernforbundet.
– Vi er veldig glade for at desse to innleiarane har sagt ja til å debattere. For oss som er nei-folk er det faktisk viktig å stille spørsmål med kva fridomen utanfor EU kan nyttast til, seier Håkon Steinar Giil, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU.
Mellom anna desse spørsmåla stilt: Kva har EØS-avtalen å seie for klima- og miljøpolitikk her i fylket? Kva ville EU-medlemskap ha å seie? Kva moglegheiter har Sogn og Fjordane til å føre ein betre klima- og miljøpolitikk?
– Dette er svært aktuelle emne, og vi vonar at folk som er både interessert i EU-sak og miljø-sak vil nytte høve til å kome. Alle som melder seg på i løpet av fredag 23. oktober vert påspandert gratis lunsj, fortel Håkon Steinar Giil.
Nytt miljøhefte
Nei til EU er også nøgde med å kunne presentere eit heilt nylaga hefte om miljøpolitikk i EU og Noreg. Bidragsytarane er alle frå Sogn og Fjordane. Marit Aakre Tennø er redaktør for heftet, Hildegunn Gjengedal, politisk rådgjevar i Landbruksdepartementet, Sigrid Z. Heiberg, leiar i Ungdom mot EU, Håkon Steinar Giil, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU, Sigbjørn Råsberg, medlem i styret i Sogn og Fjordane Nei til EU og Erik Solheim, tidlegare leiar i Naturvernforbundet.
God aktivitet
Dessutan er det klart for eit nytt årsmøte for Sogn og Fjordane Nei til EU. I skrivande stund har fylket heile 1826 betalande medlemer. Dermed ser det ut som at fylkeslaget kan vere med på å skape ein historisk medlemsrekord for Nei til EU. Organisasjonen nærmar seg 30 000 medlemer og ikkje sidan 1994 har organisasjonen hatt så mange medlemer.
– I framkant av stortingsvalet delte vi ut over 40 000 informasjonsaviser til husstandar over heile fylket. Vi meiner det er viktig å vere ein slagkraftig kampanjeorganisasjon, og legg difor vekt på slike breie markeringar, seier Håkon Steinar Giil.
Trass i at Sogn og Fjordane er eit solid nei-fylke vart resultatet at fire av fem stortingsrepresentantar er for norsk EU-medlemsskap.
– Dette gjer det sjølvsagt berre endå viktigare med eit sterkt og breitt Nei til EU, seier Giil, som gler seg til nei-møte på laurdag.
For meir informasjon:
HÃ¥kon Steinar Giil, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU, telefon 975 86 828
Sindre Humberset, fylkessekretær, telefon 578 65 320 / 90 60 50 56
Marit Aakre Tennø, redaktør for miljøheftet, telefon
Program for dagen:
Laurdag 24. oktober på Quality Førde Hotell
Kl 1300-1430: Lunsj
(melder du deg på i løpet av 23. okt. til sognogfjordane(at)neitileu.no
spanderer vi lunsj)
Kl 1430-1630: Årsmøtesaker
- Val av møteleiar, skrivar og to til å skrive under møteboka
- Ã…rsmelding 2008-09
- Ã…rsrekneskap 1.9.2008-31.8.2009
- Arbeidsgrunnlag 2009-10
- Budsjett 1.9.2009-31.8.2010
- Val
- Fylkesstyre og fylkesleiar
- Landsmøteutsendingar
- Revisorar
- Ein ny medlem til valnemnda
- Uttale
- Avslutning
Tips en venn
|