| Publisert: 21. desember 2009 |
Sist oppdatert: 21. desember 2009 |
Aust-Agder Nei til EU nøgde med Nei til EUs landsmøte
Nei til EUs landsmøte 27.-29. november 2009 på Gardermoen er no avslutta. Landsmøtet vedtok kamp mot EUs datalagringsdirektiv, solidaritet med Island og støtte til irsk motstand mot Lisboatraktaten. Nei til EU krev også NOU om EØS.
– Dersom ja-sida vil ha enda ein omkamp om EU-medlemskap er vi i høgste grad klare, forsikra Nei til EUs leiar Heming Olaussen.
15 års-dagen for folkerøystinga i 1994 vart høveleg feira laurdag kveld.
- Det er mange viktige saker å arbeide med i kommande år og ein kan nemne datalagringsdirektivet, postdirektivet og andre direktiv som ikkje passar i vårt samfunn, men som likevel vert pressa på oss via EØS-avtalen. Den viktigaste oppgåva vår er og vil vere å halde Noreg utafor EU, seier Olav Lidtveit, leiar i Aust-Agder Nei til EU.
- Aust-Agder Nei til EU arbeider godt. Me har regelmessige møte både i fylkesstyret og lokallaga. Me har også god kontakt og samarbeid med lokallaga i fylket. Me har også god kontakt med ungdomsorganisasjonen vår.
- Hovudoppgåva for fylkeslaget er sjølvsagt den same som for resten av organisasjonen, men for Aust-Agder Nei til EU er det ei oppgåve å bygge organisasjonen i Aust-Agder vidare med fleire nye lokallag. Me har også ei viktig oppgåve med å bygge vidare på ungdoms- og studentorganisasjonane våre i fylket.
- Neisidas argument for 15 år sidan har ikkje gått ut på dato. Ein må diverre seie at mange av dei spådommane som Nei til EU argumenterte med i 1994 har gått i oppfylling. Me får stadig fleire EU-direktiv som skal implementerast i norsk lovverk, og me vert meir og mindre styrt frå EU sjølv om me står utafor, men EØS-avtalen ”tvingar” igjennom at fleire direktiv må etterlevast av Noreg, seier Lidtveit.
Aust-Agder har også vorte representert i Nei til EUs sentrale organ med:
Paul Magnus Gamlemshaug, gjenvalgt som medlem av Nei til EUs råd. Han er 57 år, bosatt i Arendal. Forbundsstyremedlem i Norsk Post og Kommunikasjonsforbund. Divisjonstillitsvalgt i Posten. Tidligere fylkesleder i Aust-Agder Nei til EU, nå kasserer i fylkeslaget.
Kjell Ingolf Ropstad , gjenvalgt som medlem av Nei til EUs råd. Han er 24 år, fra Evje bosatt i Oslo. Leder i KrFU. Stortingsrepresentant fra Aust-Agder fra 2009. Medlem av Fylkestinget i Aust-Agder siden 2003.
Delegasjonen frå Aust-Agder til landsmøtet var fylkesleder Olav Lidtveit, Line Øvernes Mørch, Olaf Engestøl, Lene Pettersen, Karen Theresie Andersen, og Helge Tveiten.
Tips en venn
|