Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Matskatt
Leserbrev i Klassekampen:

Matskatt

Er høgare toll nødvendig for å sikre norsk matproduksjon?

Del |

Mange av mine radikal vener støttar at norske bønder må få betre inntekt, men dei er imot toll på importerte matvarer av omsyn til bønder i fattige land. Det norske tollvernet har høge tollsatsar for matvarer som blir produsert i Norge, mens det er null-toll for varer som ikkje er produsert her. 46 % av alle landbruksvarer er tollfrie å importere til Norge. Kan den raudgrøne regjeringa koma bønder og matindustri i møte med eit betre tollvern utan å skyve frå seg radikale støttespelarar?

Toll på import av mat er eit verkemiddel som gjer at matvarer frå nabolanda ikkje utkonkurrerer norske. Men det er null-toll på alle varer til dei vel 50 fattigaste u-landa (MUL-landa) og ein del andre låginntektsland, 64 i alt. Reduserer vi tollen over heile fjøla, vil det ramme norske bønder og norsk matindustri, men i tillegg ramme dei landa som har null-tol i dag. Det er ikkje mange u-land som klarer i eksportere til Norge sjølv utan toll, men Kenya har klart det med blomster og eit par mindre statar i det sørlege Afrika klarer det med kjøtt.

Grensevernet for ost er lekk, fordi den tollfrie kvoten til EU er heva frå 4500 tonn til 7200 tonn etter dei siste forhandlingane om artikkel 19 i EØS-avtalen. Slike importkvotar på ost blir auksjonert bort av Statens landbruksforvaltning til ein relativt billeg penge. Dessutan tar importørane inn ost med toll, sjølv om det isolert sett ikkje lønner seg. Men dei kryss-subsidierer og kjem godt ut likevel ved å ta inn ost både med og utan toll. Eit fleksibelt tollvern treng ikkje ramme u-land, men eit styrka tollvern på til dømes kvite ostar og youghurt vil styrke norsk konkurranseevne, slik vi har lov til i følgje WTO-avtalen.

Når utviklingslanda ikkje klarer å utnytte null-tollen betre, er det ikkje fordi dei er i konkurranse med norske bønder. Unntaket er kjøtt, der null-toll for alle u-land ville gagne Brasil og Argentina, men vera til stor skade for dei 64 andre landa som har nulltoll i dag. Dette u-landsargumentet mot toll, er derimot veldig relevant for dei rike landa med sørleg landbruk og produksjon som konkurrerer med u-landa på verdsmarknaden på varer som bomull og sukker. Så tankekorset til mine radikale vener hadde vore relevant dersom vi hadde vore USA eller Spania, men for Norge er det irrelevant. Varehandelens folk og blårussen frå NHH misbrukar tollargumentet og kjører u-landa framfor seg i åtaka på norsk landbruk. Dette er ein vikarierande argumentasjon som eigentleg er ei hevding av eigne særinteresser. Dei ønskjer å få ned matprisane, få auka importen og svekke landbrukssamvirket, så private aktørar kan styrke seg i kampen om matkronene. Samvirket har alltid vore ein torn i auget på Trygve Hegnar, Thomas Angell og andre som i mat ser ein betydeleg milliardmarknad utanfor rekkjevidda til privatkapitalen.

Mange raddisar, både av ny og gammal årgang, er svært opptatt av utviklinga i distrikta og bøndenes vilkår. Vi er no i ein situasjon der det anten må koma en opptrappingsplan for bondeinntektene, omtrent som etter Hitra-aksjonen i 1975, eller så vil så mange slutte at vi ikkje lenger kan snakke om eit allsidig og berekraftig landbruk over heile landet. Ved eit eventuelt skifte til ei blå-blå regjering i 2013, vil vi sjå ei enda raskare utvikling i retning av eit storskalalandbruk i dei beste jordbruksområda rundt storbyane. Ved å unnlate å stø bøndene og fagrørsla NNN sitt krav om betre tollvern, blir bøndene jaga i hendene på dei blå. Her tar radikale byfolk eit stort ansvar ved å opne for ei utvikling dei truleg ikkje ønskjer.

Nei til EU

Storgata 32
0184 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20
  • Telefax: 22 17 90 21