Du er her: Framside / Aktuelt / Nytt fra Nei til EU / Landsmøte i Nei til EU...
Et tredje alternativ
© Pål Hansen alias UKRUT.no
Pressemelding fra Nei til EU:

Landsmøte i Nei til EU 11.-13.november i Molde: EU ut av Noreg!

Det er uaktuelt å få Noreg inn i EU. Det er høgaktuelt å få EU ut av Noreg. Bør EØS-avtalen bytast ut med ein handelsavtale?

Del |

 Årets landsmøte i Nei til EU går av stabelen komande helg. Ved siden av fokus på EUs kriser, vil EØS vera hovudtema. I tillegg står ei rekkje interessante punkt står på dagsorden, mellom anna:

 Arve Bakke, leiaren i Fellesforbundet, gjestar landsmøtet. Tyder dette på varmare samarbeidsklima mellom Fellesforbundet og Nei til EU, og er det i så fall eit tilfeldig blaff eller varig væromslag?

 Knut Arild Hareide, leiaren i Kristeleg Folkeparti, kjem også. Kvifor er samarbeidet med Nei til EU så viktig for KrF? Kva har ja-mannen Hareide å seia til Noregs viktigaste nei-forsamling?

 Merete Furuberg, leiaren i Norsk bonde- og småbrukarlag, helsar landsmøtet. Vil EU-medlemskap framleis vera ei ulukke for norsk landbruk? Kvifor deltek NBS i Alternativer til EØS-prosjektet?

 Heming Olaussen, den lengstsitjande leiaren i Nei til EU, varslar kamp for å få EU ut av Noreg og finne alternativ til EØS-avtalen. I samband med dette blir det lansert ny årbok frå Nei til EU, Alternativer til EØS-avtalen.

 Rolf Groven avdekkar nytt måleri. Groven har ein mangeårig tradisjon for å lage satiriske og provoserande måleri med EU-debatt som tema.
 
For fullstendig program, sakspapir og informasjon, sjå nettsidene her   

eller ta kontakt med oss i Nei til EU

Leiar Heming Olaussen tlf. 901 55 894, e-post heming(at)neitileu.no

Informasjonsrådgjevar Marianne Granheim Trøyflat tlf. 98818871, e-post mariannegt(at)neitileu.no

Nei til EU

Storgata 32
0184 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20
  • Telefax: 22 17 90 21