Du er her: Framside / Aktuelt / Aktiviteter / Historieseminar
Fjærpenn

Historieseminar

Nei til EU skal i slutten av 2013 gje ut ei faghistorisk bok om EU-motstanden i Norge.

Seminaret er tenkt som fagleg påfyll til dei som arbeider med historieprosjektet i fylka og som inspirasjon for vidare arbeid med bilete og med boka. Alle er hjarteleg velkomne!

Del |

Program for historieseminar

22.-23. september, Lille auditorium, Kristen Nygaards hus, Blindern

Seminaret er gratis og opent for alle interesserte. Laurdag tek vi opp (historisk) forsking på Nei til EU og EU-debatten, medan vi på søndag fokuserer på den komande historieboka.

Laurdag 22. september

Kl. 10.00-10.10 Velkommen til seminar

 ved Kjell-Erik Kallset, leiar i bokkomiteen

Kl. 10.10-10.30 Kristen Nygaard som informatikar

ved Tone Bratteteig, førsteamanuensis ved Institutt for informatikk, UiO

Kl. 10.30-11.30 Folkerørsla Nei til EU - moglege forklaringer på framveksten av sosiale rørsler

 ved Idar Helle, historikar frå UiO

Spørsmål og diskusjon

Kl. 11.30-11.45 Kaffe- og fruktpause

Kl. 11.45-12.45 1972: Folkebevegelsen mot EF

Kva var dei politiske haldepunkta for rørsla, kva for ressursar og støtte hadde dei? Korleis kunne dei vinna?

ved Tor Bjørklund, professor ved Institutt for statsvitskap, UiO.

Spørsmål og diskusjon

Kl. 12.45-13.30 Lunsj

Kl. 13.30-14.30 UTGÅR Den retoriske og symbolske EU-kampen 

ved Line Esborg, førstelektor ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk kulturhistorie, UiO

Roar Madsen, forfattar av historieboka vil fortelja om prosjektet. Det blir ein open post med høve for innspel og diskusjon.

Kl. 14.30-15.30 Utan kvinnene, ingen nei-siger

 Rolla til kvinneutvalet og den kvinnepolitiske organiseringa.

ved Magnhild Folkvord, journalist og forfattar. Mangeårig aktivist og medlem i kvinneutvalet.

Spørsmål og diskusjon

Kl. 15.30-16.00 Pause

Kl. 16.00-17.30 LOs uventa nei - ein samla siger for den norske nei-rørsla

ved Torstein Lerhol, masterstudent ved NTNU

Kommentar frå Per Østvold, tidlegare fagleg leiar i Nei til EU.

Spørsmål og diskusjon

Markering på Svinesund
© Åge Almskaug

Søndag 23. september

Kl. 10.00-11.00 Biletarbeidet i samband med boka:

 Kva har vi fått inn, kva står att?

 ved Kristine Mollø-Christensen og Liv Haglund Lillegrundset, biletgruppa

 Spørsmål og diskusjon

Kl. 11.00-11.15 Pause

Kl. 11.15-12.45 Formidlingsarbeidet i samband med bokutgjevinga

Kva gjer vi med det materialet som ikkje blir brukt i historieboka?

Idear til utstillingar og andre arrangement

ved Ellen Røsjø, arkivar ved Oslo Byarkiv

Idemyldring og diskusjon

Kl. 12.45-13.30 Lunsj

Kl. 13.30-15.00 Korleis selja boka?

Produksjon, sal og marknadsføring.

ved Beate Homlong, forlagsredaktør hos Samlaget

Spørsmål og diskusjon

Kl. 15.00 Oppsummering og vel heim

ved Kjell-Erik Kallset

Send påmelding til Eva Marie Mathisen eva.marie.mathisen(at)neitileu.no eller ring 22 17 90 36.

Tar til
Lørdag 22. september 2012 kl. 10:00
Varer til
Søndag 23. september 2012 kl. 15:00
Sted
Oslo
Lille auditorium, Kristen Nygaards hus, Blindern.

Nei til EU

Storgata 32
0184 Oslo

neitileu(at)neitileu.no

  • Telefon: 22 17 90 20
  • Telefax: 22 17 90 21